Sogndal Filmfestival

SOGNDAL FILMFESTIVAL

16 mars var det duka for årets filmfestival i Sogndal, og kven var arrangørane bak denne festivalen? Klassen min, såklart. Kvart år er det eit prosjekt på media som går ut på å arrangere filmfestival i Sogndal. Me hadde fleire veker på oss før den store dagen, alle i klassen hadde ulike oppgåver som skulle gjerast slik at det til slutt skulle bli eit vellykka arrangement. Det første me gjorde var å velje to festivalsjeftar, det vart Margreta og Stine Mari. Så vart me einige om at me skulle skifte namn, før hadde festivalen gått under namnet “Sognamovie”, men me følte at me ville skifte image og byte namn. Det vart fleire forslag til kva som kunne vere namn, eg kom med forslaget om Sogndal Filmfestival, enkelt og greit tykte eg og det låt fint, og det var resten av gjengen einige i. Me gav 2MK oppdrag i å lage logo til oss, me fekk sjå fleire som var fine, men me tykte ein skilde seg spesielt ut. Dette vart logoen for Sogndal Filmfestival (den i midten, resten er headeren på nettsida vår). 2MK fekk også i oppdrag å lage nettside for oss, den finn du her.

Det som er veldig,veldig viktig i eit slikt prosjekt, spesielt sidan me skifta namn og image er markedsføring. Folk må vite om det, og heile tida bli minna på kor tid det er og kvar det er, slik at dei ikkje gløymer det. Sidan dette var første gangen Sogndal Filmfestival vart arrangert hadde me ikkje hjelp av gode rykter og jungeltelegrafen, men måtte få det fram sjølv. Me lagde ein plan om korleis me skulle markedsføre oss og alle medium me skulle bruke, her er nokre eksempel på planane våre:

-Lage event på facebook

-Lage ei “side” på facebook slik at folk kan følgje oppdateringane våre

-Ha ein profil på facebook slik at me kunne invitere masse folk til å følgje oss

-Lage t-skjorter med logo på (vart ikkje gjort fordi me kom på det for seint, og det tek tid å trykkje dei)

-Gå rundt på ungdomsskular og i alle klassar på vidaregåande og informere

-Sende mail til andre skular i fylket og invitere dei til å delta med eigen film + komme å sjå

-Lage plakat og henge dei opp på fleire plassar som me fann ut på forhånd

-Lage brosjyre/flyer som me la rundt slik at folk kunne sjå på dei

Eg var med på å lage brosjyren/flyeren, tok bildene og redigerte dei i photoshop. Karoline var med til å setje inn tekst og litt div. Me fekk mykje skryt i seinare tid av flyeren, då blir eg veldig stolt. Eg er veldig glad i slike prosjekt der eg får prøve å vere kreativ og jobbe sjølv med eigne idéar. Slik såg flyeren ut:

Første dagen av festivalen vart det vist film (villmark). Neste dag var det fagdag, med fleire flinke foredragshaldarar, blant anna Pål Øie. På kvelden hadde me vising av alle filmar som var påmeldte og utdeling av premiar til vinnarar av juryen vår (som me hadde plukka ut folk til). Det kunne godt komt fleire folk, men me var fornøgde med oppmøtet sidan dette var eit nytt opplegg og at ikkje alle hadde tid midt i veka.

Eg synest dette var eit kjempekjekt prosjekt! Glad me får ha slike spanande prosjekt på media, då blir det mykje kjekkare å gå på skule. Tips til neste års tredjeklasse: ha fleire møter (minst eitt i veka) der alle samlast og fordel oppgåver slik at alle har noko å gjere, og at ingen får alt av arbeid. Ring rundt til sponsorar tidleg, det er veldig viktig å ha kapital til å gjennomføre eit slikt prosjekt.

3MK etter eit godt gjennomført prosjekt!

Me fekk mange medieoppslag gjennom tida me jobba med det, og mykje positiv tilbakemelding frå folk. Det trur eg gjer det enklare for neste års klasse å lage noko liknande fordi då har folk høyrt om det, og me har etablert eit bra rykte.

Slik såg plakaten vår ut. Den vart hengt opp på veldig mange plassar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s