RUSSEAVISA 2010
Dette er eit av prosjekta eg har gleda meg lenge til: å lage russeavis. Eg melde meg som redaktør for avisa, det same gjorde Margreta, så me samarbeidde om den jobben. Me jobba jamnt med idear om korleis avisa kunne bli frå omtrent etter jul, og endeleg var det tid for russetid. Målet var at avisa skulle vere ferdig og klar til å bli solgt rundt den første veka av russetida, men dette viste seg å ikkje vere like lett gjort som sagt. Det første me gjorde då me skulle byrje å jobbe med prosjektet i klassen var å ha eit klassemøte, samle idear frå alle og fordele arbeidsoppdrag, alt dette vart gjort på ein klassetime. Me lagde ein oversikt over kva som skulle vere med i avisa:
-Redaktørartikkel
-Intervju med terrorsjefar
-Intervju med nokon som har russebil
-Intervju med russepresident
-Reportasje om russeknutar
-Intervju med festsjefar
-Ulike drinkoppskriftar
-Testing av øl
-Russekarakteristikkar, der russen skriv om kvarandre
-Sider med logoar til dei som sponsa oss
Eg byrja å kontakte sponsorar med ein gong, fordi eg etter tidlegare prosjekt veit kor viktig det er å ha nokon til å sponse oss. Det var mange som var interesserte, og det var bra fordi trykking av aviser kan vere dyrt. Eg og Margreta skreiv leiar, og Simon tok bilete av oss til den. Me prøvde å få den til å rette seg mot russen, og handle litt om at russetida skal vere morosam og at dei må nyte den og at me håpar dei likar årets avis.
Me veit at mange kjøper avisa fordi det er karakteristikkar av årets russ i den, og det er moro å lese. Difor var det veldig viktig for oss å få inn mange, dei første vekene fekk me berre inn 2-4 stk og det gjekk seint framover. Eg og Margreta gjekk rundt i alle tredjeklassar for å informere og hang opp oppslag på allmenn slik at dei skulle hugse det, men likevel var det ikkje mange mailar me fekk. Siste kvelden raste det inn 15-20 stk, som forventa. Då vart det litt hastearbeid på oss, alt skulle bli satt opp i indesign og alt skulle passe inn i designet, nokon hadde med bilete og nokon hadde ikkje, nokon hadde lange vers om medruss og andre hadde berre ein setning. Me hadde diverre ikkje ein spesiell metode for å halde styr på karakterstikkane, noko som var veldig dumt fordi det endte opp med å bli fleire av ein og nokre vart gløymt, slik at me måtte ettersende nokre dokument til trykkeriet (etter avisa eigentleg var ferdig) for å få med alt. Når så mange folk skal jobbe med eit slikt prosjekt, må det vere struktur og arbeidsoppgåvene må bli best mogleg fordelt. Dette er ikkje alltid like lett å få til, spesielt i ein klasse fordi nokon har lyst å bidre og gjere mykje medan andre har lyst å gjere minst mogleg. Og ingen har lyst å vere den som masar for å få folk til å jobbe. Difor er mitt tips til neste års tredjeklasse å fordele mest mogleg arbeidsoppgåver i byrjinga av prosjektet, fleire må jobbe med sponsing fordi det er viktig, og ha fleire klassemøter/redaksjonsmøter for å sjå kor folk er i arbeidet sitt. Ver tidleg ute med å ha kontakt med trykkeriet, slik at du veit kor lang tid det tek å få avisa og kor mykje det kostar, og for all del: ver flink å selje! Me var omtrent ferdig med russetida då russeavisa vår kom ut (dette var ikkje planen, men dessverre vart det slik) og då gjekk det opp for oss at me ikkje hadde nokon salgsplan. Så me gjekk rundt på skuleplassen og solgte til så mange som ville ha, og gjorde det klart på facebook at me hadde aviser om nokon ville ha. Så gjekk me rundt i tredjeklassar seinare for å selje til enkeltelevar. Dette var ikkje heilt gjennomtenkt, det er mange fleire enn elevar som vil ha avisa, og korleis skulle dei få tak i den? Me burde hatt ein plass å selje det på 17 mai eller noko, men det var visst ikkje så lett å skulle vere russ og nyte russetida og i tillegg måtte drive seriøst med sal når det var berre eg og medredaktør Margreta som hadde intersse av å få solgt avisene.
Eg tykte dette var eit veldig morosamt og lærerikt prosjekt. Det var moro å oppleve korleis det er å jobbe i ein redaksjon og med ei avis, og det var moro og utfordrande å prøve seg ut som redaktør. Eg har fått mykje skryt av folk som kjøpte avisa at den var bra, så me har gjort eit bra arbeid, det er eg stolt over. Russeavisa er noko ein kan ha i mange år og sjå tilbake på (dessverre sit me att med mange aviser i juni). 
Sogndalsruss 2010