JULESENDING PÅ RADIO LUSTER
Før jul hadde 3MK julesending på radio Luster, vanlegvis pleier det å vere på Pvest i Sogndal, men denne radiokanalen gjekk dukken i år. Det var moro å prøve seg på eit nytt location med eit nytt publikum, men det var også litt uvandt fordi eg likte så godt å jobbe på pvest. Sendinga skulle vare i 2 timar, der det skulle vere fire programleiarar. Den første timen var det Stine Mari og Siri Ann som var leiarar og i den andre var det Heidi og André. Simon var redaktør og hadde ansvar for at alle hadde noko å gjere. Me fordelte oppgåver, nokon skulle vere ute å intervjue direkte og nokon skulle lage reportasjar. Eg og Karoline lagde anquet, det vil sei “fem på gata”. Me køyrte inn til Gaupne og var på pyramiden for å intervjue folk i julehandelen. Nokon tok seg god tid til å svare på spørsmål, medan andre berre såg ein anna veg då me kom med maycomen. Me redigerte det på ein mest mogleg morosam måte slik at innslaget vårt skulle vere eit lite avbrekk i ei studiosending. Det var veldig moro å vere ute i feltet og intervjue og eg følte at eg og Karoline gjorde eit bra arbeid. Radio er eit medium som er kjekt å arbeide med!
