RADIOREKLAME
Ein eksamen på media fungerar slik: me trekkjer ein kategori; enten reklame, informasjon eller journalistikk. Innafor sjangeren står det ei oppgåve som du skal gjere. Du får den første dagen og neste til å lage eit produkt (du vel sjølv kva medium du vil jobbe med) + forberede ein presentasjon til sensor som skal framførast siste dagen, framføring tel 50% av karakteren. Eit eksempel kan vere å trekkje journalistikk og få oppgåva “lag ein reportasje om eit yrke du synest er interessant” (som eg trakk på eksamen i andre klasse). På tentamen i januar skulle me øve oss på dette og det skulle foregå akkurat som ein vanleg eksamen, bortsett frå at det var våre lærarar som var sensorar. Eg trakk kategorien “reklame”, som eg vart veldig glad for fordi eg ikkje har prøvd det før, men synest det er veldig kjekt å jobbe med.
Oppgåve: Lag ein reklamekampanje for to nye mobilar med to spesifikke målgrupper. Eg valde å jobbe med radio og lage ein radioreklame. Det første eg gjorde var å finne ut kva målgrupper eg ville ha, eg valde ei eldre målgruppe (dei litt oppi åra, pensjonistar..) og “handymen”, arbeidskarar som treng ein praktisk mobil som tåler ein trøkk. Eg fann to mobilar på internett som hadde same målgruppe som meg, og brukte dei som utgangspunkt. Eg hadde med meg maycom heim for å gjere opptak. Så brukte eg mormora mi som statist i den eine reklamen, far min som statist i den andre reklamen og meg sjølv som “hovudstemme” (voiceover). Eg brukte ulike lydar for å lage kontentum og prøvde å få det til å høyrest ut som det var tatt frå ein handling. Så la eg på musikk og las inn mi eiga stemme til slutt. Når ein skal lage reklame er det smart å sjekke om det verkar ved å vise kampanjen til nokon og høyre kva deira meiningar er om det. Om dei hadde vore interesserte i å kjøpe det du vil selje, har du gjort ein god jobb. Eg vart veldig fornøgd med produktet mitt, og hadde mykje moro med å produsere. Det er veldig kjekt å vere kreativ og jobbe sjølv på denne måten!
Her er link til reklamen min med eldre som målgruppe. (du må trykke på download)
Her er link til reklamen min med arbeidarar som målgruppe. (du må trykke på download)