Portrett

Aktuelle læreplanmål:

· planlegge, produsere, publisere, dokumentere og drøfte innhold i medieprodukter i ulike sjangrer og for ulike medier

· utforske, utvikle og drøfte kommunikasjon, fortellerteknikk, dramaturgi og uttrykksformer i medieprodukter og presentasjoner

Portrett RADIO:

Før jul fekk me eit stort prosjekt på skulen, kanskje årets største prosjekt. Me skulle lage portrett av ein valfri person, både til avis og radio. Første dilemma var å finne person, denne personen skulle ikkje berre vere interessant for meg sjølv, men ha noko å formidle og ikkje minst vere villig til å bli intervjua for radio + avis og bli tatt bilde av. Eg valde ein bekjent av meg, ei kvinne frå Iran som heiter Mojgan. Ho hadde lyst å fortelje historien sin om korleis det var å flykte frå heimlandet og busetje seg i ei lita bygd som Sogndal, og korleis ferda har vore. Intervjuet foregjekk heime hjå ho, eg hadde med meg maycom, macen min og eit kamera som utstyr. Mojgan og mannen hennar viste stolt fram heimen sin og viste meg filmar frå Iran og av familien deira. Ho var eit veldig godt objekt å intervjue, fordi ho hadde så lyst å fortelje, og difor trengte ikkje eg å stille spørsmål heile tida. Likevel var det ikkje lett heile tida fordi ho ikkje snakkar flytande norsk, og det kan vere litt vanskeleg å forstå ho. Mannen hennar (som er bedre i norsk) snakkar bedre norsk, og var der for å hjelpe ho. Det som kunne vore dilemmaet mitt var om publikum/lyttarane til radio kom til å forstå kva ho hadde å sei. Om dei ikkje gjorde det, då hadde eg mislykka heilt. Men eg trur det gjekk bra, fordi alle saman snakka sakte og tydeleg. Eg syntes dette var eit veldig spennande prosjekt, det var kjekt å gjere noko så stort aleine og det var utfordrande å lage til både avis og radio. Det var veldig greit å intervjue ho og mannen for radio, fordi dei snakka så fritt og gjerne rundt spørsmåla eg stilte, slik at det ikkje vart så mykje ”spørsmål, svar, spørsmål, svar”. Noko av det mest kjedelige ein kan høyre på radio er intervju der intervjuobjektet eigentleg ikkje har lyst å bli intervjua, og difor blir veldig kort i svara. Saka vår skulle vare i 30 minutt, dette var ein utfordring fordi lyttaren ofte byrjar å kjede seg etter rundt 10 minutt med intervju, og difor bør eg finne på noko for å få lyttaren til å fortsetje å høyre. Og så var det ein utfordring å få nok stoff til ein halvtime, der var eg heldig fordi ho snakka mykje. Etter å ha gjort alle opptaka, måtte eg redigere. Eg brukte eit program som heiter soundtrack pro, på macen min. Det tok litt tid å setje opp alt i rett rekkjefølgje og setje innpå musikk osv. Då eg høyrde gjennom mitt eige program var eg godt nøgd med produktet. Når eg høyrer gjennom det no ser eg at eg godt kunne brukt litt meir retoriske verkemiddel i dramaturgien min, men det er ikkje like lett å komme på der og då. Alt i alt er eg fornøgd med radioproduktet mitt.

Portrett AVIS:

Oppgåva var å finne ein person som du synest var interessant eller aktuell og lage portrettintervju med personen for avis og radioreportasje. Eg valde å lage portrett om Mojgan Arjang som er ei veninne og tidlegare kollega. Ho har opplevd mykje i livet sitt, og det er interessant å lære meir om ho. Ho er ikkje så veldig aktuell i tiden no, men ho er aktuell likevel. Det er viktig å vite kva som skjer ellers i verda, og å lære om andre kulturar. Ho er frå Iran, og ho, mannen hennar og dei to sønene deira måtte flykte frå heimlandet i 2002. Mannen hennar er/var sterkt politisk engasjert og kjempa for eit fritt Iran, motstandarar blir anten drept eller teke til fange i Iran, men han unnslapp. Dei var veldig opne og positive heile familien og hadde ingenting imot å bli intervjua verken til radio eller avis. Mojgan og mannen hennar Mahmoud er veldig glad i å snakke om Iran, dette gjorde alt så lett for meg og eg trong omtrent ikkje stille spørsmål i avisintervjuet, dei berre snakka i ein flaum. Dette må vere det beste intervjuet eg har opplevd, alle journalistar sin draum. At intervjua foregjekk i deira eigen heim har mykje å sei for resultata både i radio og avis. Det kan ha vore grunnen til at dei var så komfortable med å snakke, dei følte seg trygge i sin eigen heim og det kom godt fram. Eg tok fleire bilete av Mojgan og familien hennar for avis, dei vart heilt ok. Eigentleg hadde eg ein plan for korleis bildene av ho skulle vere i hovudet mitt. Eg hadde veldig lyst å ta bilde ute i norsk natur, med ho i fokus, men dette lot seg ikkje gjere då det var regn nesten kvar dag og det blir veldig tidleg mørkt ute. Men om det hadde vore sommartid hadde eg brukt meir tid på bildene fordi eg synest det er viktig å ha noko som trekkjer lesaren mot reportasjen. Eg følte eg hadde mange gode spørsmål klare til intervjuet, men eg trengte ikkje alle fordi ho snakka fritt og eg kunne berre stille oppfølgjingsspørsmål. Ein utfordring eg fekk no, som eg alltid pleier å få etter eit intervju er kva eg skal gjere med den informasjonen eg har samla inn. Det var litt vanskeleg å vite korleis eg skulle skrive, om eg skulle ha med eigne meiningar eller om eg skulle vere heilt objektiv. Sjangeren er reportasje og då er det viktig å formidle stemningen vidare til dei som les det, og det følte eg at eg klarte bra. Etter at eg var ferdig med intervjuet, så måtte eg setje opp saka i adobe-programmet indesign. Overskrifta til saka mi var ”Mojgan sitt nye liv”, overskrifta i ei sak har mykje å sei fordi det (saman med bileta) ofte er det første ein ser når ein berre blar gjennom avisa, og då er det viktig at det ”triggar” lesaren, slik at dei vil lese saka. Eg vart veldig fornøgd med sluttprosjektet mitt og følte eg gjorde eit bra arbeid.

To bilete eg tok til portrettet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s