



Dette er nokon av bildene eg tok til eit fotoprosjekt me hadde med Ragnvald.
Oppgåva var å ta to bilder i studio, to bilder i naturlys ute, og to valfri bileter med fokus på lyssetting.
Alle bildene over har eg tatt i fotostudio, med modellen min Anette. Eg har ikkje brukt blitz på nokon av bildene, men forskjellige lyskastarar. Dette var ei litt vanskeleg oppgåve fordi eg aldri har tenkt noko spesielt på lyssettingen når eg har tatt bilder før, eg har på ein måte berre tatt bilder når det har vore fint lys istadenfor å lage til bra lys for å ta bilder.
Det viste seg å vere mykje meir arbeid enn eg trudde, og eg måtte mikse og trikse litt med forskjellig lys i studio.
Tema i bildene er mote og sminke, og me hadde fleire “shootar” der me hadde forskjellige typar sminke/klede.
Eg er veldig fornøgd med desse bildene, og eg var veldig heldig som hadde ein så flink modell. Etter dette prosjektet kan eg ein heil del meir om lys i fotostudio.
Læreplanmål:
- bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kameraer
- bruke lyssetting for å fremme komposisjon og design i bildeproduksjoner, og vurdere bruk av lys