FOR SEINT – sang

I vinter var klassen min med på nasjonalt prosjekt som heiter “Death Trip”. Prosjektet handlar om ungdom og fyllekøyring. Oppgåva var å lage ein kampanje som skulle føre til at ungdom (folk generelt) ikkje køyrer med promille.

Klassen var delt inn i tre forskjellige grupper.
Gruppe nr 1 var gutane i klassen, dei lagde ein film som vart kjempebra til slutt.
Gruppe nr 2 var jentene i klassen som skulle lage to medieprodukt, ein film og ein plakat. Eg bidrog som skuespelar i filmen, og heile gjengen er veldig fornøgde med sluttproduktet.
Gruppe nr 3 var berre meg. Eg skreiv ein sangtekst som eg fekk hjelp av Henrik, 3MK til å lage melodi til. Først var eg veldig fornøgd med berre teksten, så fekk eg høyre Henrik sitt forslag til melodi og no er eg fornøgd med heile produktet.

Her er sangteksten:

For seint

Som ein historie som ikkje har ein slutt
som ein film utan ei ending
eg føler meg så oppbrukt
livet tok brått ei vending

Eg skulle aldri tatt ein slurk
skulle ha høyrt på deg
livet eg kjente tok fort slutt
og du vil aldri tilgi meg

Tida går
Ting skjer
Men eg står fast
akkurat her
Eit sekund kan endre liv
Skulle ønskje eg hadde tatt meg bedre tid

Latter og smil kjem og går
eg hugsar smilet ditt som det var i går
Fest og moro var kjekt der og då
Men eg angrar enda
etter fleire år

Tida går
Ting skjer
Men eg står fast
akkurat her
Eit sekund kan endre liv
Skulle ønskje eg hadde tatt meg bedre tid

Her er pianomelodien. Det er dessverre eit veldig dårleg opptak fordi eg ikkje hadde noko anna utstyr enn macen og garageband, men ein kan høyre melodien.

Dessverre gjekk ikkje nokon av bidraga til klassen videre til finalen, det var dumt for me var veldig fornøgde med alle produkta.

Læreplanmål:

• planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier

Eg lagde lydfilen til ein filmfil fordi podomatic var så treigt, men youtube funka fint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s