FESTIVALPLAKAT

rockefestival

(Klikk for å sjå større)

Oppgåva var å finne på ein festival som skulle foregå i Sogndal, så skulle me lage ein plakat til festival-idéen vår.

Det første eg tenkte var at eg ville ha noko med rockemusikk, fordi det er den sjangeren eg kjenner til best sjølv. Me hadde besøk av Per Magne Sviggum ein av dagene me skulle jobbe med dette på skulen og han sa at me burde velje noko me likar sjølv fordi då er det lettare og kjekkare å jobbe med det. Slik ser produktet mitt ut, og eg er godt nøgd.

Festivalen min skulle skjedd på seinsommaren, og for å halde det realistisk så ville eg berre ha kjente norske band. Eg leikte meg litt med fargar og former, men haldt meg hovudsakleg til svart/kvit/raud.

Eg synest dette var ei kjempebra oppgåve og ein veldig fin øving i grafisk design! Eit stort minus er at eg aldri har lært indesign ordentleg, og at dette produktet eigentleg vart eit prøveprosjekt for å lære meg det. Eg føler no at eg kan indesign litt bedre, men at det er veldig mykje meir å lære.

For å lage dette produktet brukte eg idear frå andre festivalplakatar, som feks øyafestivalen. Målet mitt var å lage plakaten innholdsrik, med masse element, men framleis halde det ryddig. Eg brukte modernismen som eit utgangspunkt innan uttrykkshistorien. Så las eg sidene 32-50 om idéutvikling og kreativitet i mediedesign 3,0. Eg brukte også lang tid på dafont.com og leitte etter passande fontar, men eg endte opp med fontar eg hadde inne på datan frå før.

Læreplanmål:

• bruke typografi i elektroniske og trykte medier tilpasset budskap, uttrykk og medievalg.

• bruke form og farger som virkemidler i egne produksjoner og vurdere virkemidlene

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s