
Tidlegare i haust fekk me besøk av Siv Elin i klassen. Ho er lærar i fotokunst ved folkehøgskulen i Sogndal.
Ho gav oss ei spennande oppgåve: å lage CD-cover til ein sang. Først høyrde me på tre sangar høgt i klassen, så snakka me litt om assosiasjonane me fekk rundt sangen, så valde ein sang me ville lage cover til. Eg, Karoline og Elin valde sangen “PET” med “A perfect circle”. Me tok for første gong bilder i RAW-format, og fekk lære oss litt om det og kvalitet på bildene.
Me tok fleire forskjellige bilder, før me gav oss. Det tok ganske lang tid å velje ut eit bilde me var fornøgde med, fordi me hadde tatt så mange. Eg valde eit bilde eg tok av Karoline då ho stod foran ein raud vegg, og tek fram handa slik at det skjuler ansiktet hennar. På handa skreiv me PET med store, svarte bokstavar slik at det skulle komme tydleg fram.
Dette gjorde eg i photoshop:
Eg redigerte heile bildet til svart/kvit, så viska eg vekk bakgrunnen slik at den fekk sin originale farge (raud).
Så gjorde eg bildet om til den størrelsen det skulle vere (10x10cm).
Så skreiv eg navnet på bandet, a perfect circle. Her ekspriminterte eg litt med fontar, plassering og fargar. Men endte opp med fonten “american typewriter” som eg synest er ei ryddig og stilrein skrift. Eg endte opp med å dele teksten inn i to fargar, raud og kvit fordi det kom ikkje tydleg nok fram med berre svart skrift.
Eg er fornøgd med tanke på at me berre fekk nokre skuletimar på oss, men hadde me fått bedre tid så hadde eg jobba meir med fonten og sjølve bilderedigeringa.
Læreplanmål:
• lagre medieprodukter i ulike formater på lagringsmedier og gjøre rede for aktuelle distribusjonsformater i ulike medier
• bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kameraer