Portefolie

Dette er min avgangsportefolie for mykje av arbeidet eg har gjort på medie og kommunikasjonslinja 2 og 3. klasse 08-10.
I andre klasse fekk me denne oppgava og skulle dokumentere det me har gjort ved hjelp av bloggteknologi.
Eg valde fire produkt som eg har laga i løpet av skuleåret 08/09, som eg skal få vurdering på, så har eg også lasta opp fleire ting eg har gjort i løpet av skuleåret, for å ha ein oversikt over ting eg har gjort og er fornøgd med. Dette lagde eg i andre klasse: CD-cover, festivalplakat, fontar i bybiletet, for seint-sang, fotoprosjekt, postkort.

I tredje klasse fekk me som oppgåve å lage portefølje slik at me kan ha det å vise til i eventuelle skule-søknadar eller jobb-søknarar. Dette laga eg i tredje klasse: portrett, fotografi av kunstnar, radioreklame, Sogndal Filmfestival, Russeavisa.


A: FORM OG FARGE:
Det er viktig å velje rett fargar i grafisk design. Tidlegare har me lært om fargekontrastar på skulen, og me har gjort forskjellige grafiske øvelsar med fargar. For å finne fargar som går godt ilag på ein best mogleg måte brukar me fargesirkelen. Fargesirkelen er ein sirkel som inneheld i hovudsak fire hovudfargar (raud, blå, grøn, gul) og fargane mellom desse fargane (orange, lilla, osv) når ein skal bruke ein farge saman med feks grøn ser ein på komplimentærfargen, altså den fargen som er rett ovanfor grøn i sirkelen, det er raud. Difor kan ein vere sikker på desse to fargane passar godt saman.

På plakaten har eg prøvd å lage eit rocka design, eg brukte meg sjølv som kjelde og tenkte “kva er det eg forbinder med rock? Kva slags fargar passa til eit slikt design og kva inntrykk vil eg at folk skal få når dei ser plakaten? Kven er målgruppa? Eg bestemte meg for å velje fargane svart, kvit og raud fordi dei tre saman er det som minnar meg mest om ROCK. Målgruppa blir på denne måten dei som tenkjer på samme måte som meg, kanskje i hovudsak ungdommar.
Eg har brukt modernismen som inspirasjonskjelde i uttrykkshistorien, difor prøvde eg å gjere det nokolunde “stilreint” med formane og fargane på plakaten. Målet mitt var å få mykje med, og at det samtidig skal sjå ryddig ut. Eg valde fargane svart, kvit og raud fordi eg assosierar dei fargane med ROCK. Les meir i sidemenyen under plakat.

På CD-coveret har eg prøvd å matche fargane i biletet med fargane på fonten – raud. Les meir om oppgåva under cd-cover.
Dessutan er raud ein veldig forsterkande farge, som er eit blikkfang. Det er ikkje tilfeldig at eg har latt bakgrunnen vere raud.
I CD-butikken er det om å gjere å ha eit bra CD-design slik at kunden legg merke til det og vil høyre på musikken.

På postkortet som er til ei baby-jente er det lett å sjå kor viktig det er med fargar og symbolbruk. Det er ein sjølvfølge at ein ikkje kan bruke blå (som blir assosiert med gutar) på noko til ei lita jente. Difor vart det sjølvsagt rosa som vart hovudfarge. Og symbol som passar til ei lita prinsesse.

Les om fargar, fargekontrastar og varme og kalde fargar på sidene 516-517 i mediedesign 3,0.

B: BRUK AV TYPOGRAFI:
I grafisk design spelar typografi ei viktig rolle. Det er mange logoar som består av berre bokstavar, då er det viktig at dei fenger merksemda til publikum.

På plakaten min har eg prøvd meg på forskjellige typar fontar og fargar og miksa litt saman. Eg prøvde meg fram med ulike kontrastar, som feks små og store bokstavar. Eg brukte lang tid på å finne fontar som passa, og vart aldri fornøgd. Eg lasta ned masse forskjellig frå nettstaden dafont.com, men endte til slutt opp med ein som låg inne på datan. Les meir på underkategorien plakat.

På CD-coveret prøvde eg meg fram meg fleire forskjellige fontar, men fann ut at det enkle er ofte det beste og valde ein stilrein og normal skrifttype. (Les meir under CD-cover)

Les meir om fontar i mediedesign-boka på sidene

C: BRUK AV KOMPOSISJONSPRINSIPPA:
Eg prøvde meg fram med ulike komposisjonar på mine eigne produkt som for eksempel plakaten. Eg las sidene 256-261 i mediedesign-boka om forskjellige kontrastar. Det er ei veldig vanskeleg oppgåve å plassere både tekst og bilete saman på ei side, og det treng mykje prøving og feilling. På plakaten er bakgrunnen eit “wallpaper”-bilete som eg sjølv har redigert. Oppe til høgre er det bilete av eit band, og resten av bakgrunnen er svart. Så plasserte eg tekst oppå bakgrunnen, og prøvde å plassere teksten med bandnavna inn på plakaten slik at dei kom på ei rekkje og at det kom fram eit mønster.

På postkortet til baby har eg prøvd å sett det opp på ein måte slik at det samsvarar med komposisjonsprinsippa, men det var ikkje så lett i praksis. Eit tips kan vere å bruke “hjelpelinjer” i photoshop slik at bileta blir plassert likt.

Kjelder:
Mediedesign 3,0

Kommenter innlegget

Arkivert under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s